London Wall
London Wall er den gamle bymuren i London, opphavleg bygd av romarane til forsvar av den strategisk viktige hamna ved Themsen, Londinium. Delar av bymuren er framleis synleg fleire stader i City of London.
London Wall er òg namnet på ei gate i London. Den er ei aust-vestgåande gate i City mellom Bishopsgate og Aldersgate.