Longvafjorden
62°39′46″N 6°15′13″E / 62.66278°N 6.25361°E
Longvafjorden er ein fjord i Haram kommune på Sunnmøre. Han ligg mellom Haramsøya i vest og Flemsøya/Skuløya i aust. Fjorden strekkjer seg 7,5 km søraustover frå Ullaholmen som ligg midt i innløpet.
I den nordvestlege delen av fjorden er det bygd ei vegfylling over nesten heile fjorden frå Skuløya til sørsida av Ullaholmen. Vegfyllinga går 1,5 ut i fjorden på ei grunne og frå Ullaholmen går det bru over Ullasundet til Haramsøya. Ullasundet er derfor det einaste innløpet til fjorden i denne enden. Bygda Austnes ligg på vestsida av fjorden på Haramsøya.
Den største djupna i fjorden er 60 m og han er kring 1500 meter brei.