Shields and Yarnell

(Omdirigert frå Lorene Yarnell)

Shields and Yarnell var ein amerikansk mimeduo, danna i 1972, beståande av Robert Shields (fødd 26. mars 1951) og Lorene Yarnell (21. mars 1944–29. juli 2010).

Yarnell (venstre) og Shields (høgre) i 1977.

Spesialiteten til Shields og Yarnell var ein serie sketsjar kalla The Clinkers, der dei spelte nokre robotar, med mange individuelle, medvitne rørsler (i motsetning til normal jamn rørsle) stereotypisk for robotar og tidleg animatronikk, forsterka av deira evne til å la vera å blunka med auga i lange periodar.

Danse- og mimeframsyningane deira vart viste i 1977 og 1978 på deira eige CBS-komedieprogram, The Shields and Yarnell Show. Dei opptredde på 400 nasjonale TV-show i USA, inkludert The Sonny & Cher Comedy Hour, The Red Skelton Show, The Muppet Show (1979) og The Tonight Show Starring Johnny Carson.[1][2] Duoen spelte «Six-Hundred-dollar People» skapt av Dr. Loveless jr. i TV-filmen The Wild Wild West Revisited frå 1979. Dei opptredde i den mislykka Broadway-musikalen Broadway Follies i New York City, som stengde etter berre éi framsyning, etter dårlege meldingar den kvelden. Høgdepunkta i karrieren inkluderte show for to amerikanske presidentar, ei kommandoframsyning for Dronning Elizabeth II og ein turné i Kina med komikaren Bob Hope.[1]

TV-spesialen deira Toys on the Town, skriven av Shields, fekk ein Emmy Award.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Shields & Yarnell». Arthur Shafman International, Ltd. 
  2. Armstrong, Lois (20. juni 1977). «Prime Time Is Mime Time for the Married Robots Shields & Yarnell». People. Henta 18. april 2023. 

Bakgrunnsstoff endre