Lorenz Vogt

norsk embetsmann og politikar

Lorenz Juhl Vogt (28. april 18253. juni 1901) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiania. David Vogt var far hans.

Lorenz Vogt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. april 1825
Oslo
Død

3. juli 1901 (76 år)
Sandefjord kommune

Yrke politikar, historikar
Språk norsk
Far David Vogt

Han vart student i 1844 og cand.jur. i 1849. Etter ei lang utlandsreise arbeidde han i to år på byfutkontoret hos faren i Moss. Frå 1853 var han tilsett i Finansdepartementet, fyrst som kopist, sidan 1858 som byråsjef. I 1865 vart han tollinspektør i Fredrikshald, ei stilling han hadde til 1901, kort tid før han døydde. Han tok også del i lokalpolitikken, var medlem av bystyret frå 1868 til 1884 og ordførar i åtte år.

Vogt representerte Fredrikshald på Stortinget i tida 1874-79. I begge treåsperiodane var han medlem av tollkomiteen, i den siste også av Lagtinget. Allereie i 1858 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om revisjon av tolltariffane, ni år seinare var han formann i tollovskommisjonen av 1867. Sidan var han medlem av tolltariffkommisjonen 1874 og utskipingskommisjonen 1878. I 1889 var han med i den svensk-norsk mellomrikslov-komiteen, leiar for den norske avdelinga av komiteen.

Han døydde i Sandefjord.

Kjelder endre