Loring Park

Loring Park er den største parken i det sentrale Minneapolis i Minnesota. Han ligg i det sørvestre hjørnet av Minneapolis sentrum, nær Mindekirken. Distriktet rundet parken heiter òg Loring.

Loringsjøen

ParkenEndra

Parken vart bygd av den amerikanske landskapsarkitekten Horace Cleveland i 1887. Han omfattar ein liten innsjø, Loringsjøen eller Loring Lake, tidlegare Johnson's Lake. Parken heitte opphavleg Central Park, men fekk namnet Loring Park etter den lokale forretningsmannen og park-styraren Charles M. Loring.

Norsk-ætta amerikanarar held si 17. mai-feiring i parken. Denne feiringa vert lagt til den sundagen som fell nærast den 17. mai.

KjelderEndra