Losnedal
Losnedal eller Losnedalen er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 63 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Losnedal matrikkelnummer 2.[3]
Losnedal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Solund | ||
Postnummer | 6926 KRAKHELLA[1] | ||
Gardnummer | 63[2] | ||
Geografi
endreLosnedal ligg i ein ca. to kilometer lang trong dal som går nordover frå sørkysten av Losna. Det er to bruk på garden, Nedre Losnedalen ligg nær sjøen, medan Øvre Losnedalen ligg 600-700 meter oppe i dalen.[3]
Historie
endreLosnedal har truleg vore busett sidan langt attende i tid, det syner jordfunna som er gjorde. I 1942 vart det funne to flintdolkar på bruk ein, og i 1843 fann ein ein bronsegjenstand i ei tuft på same bruket. I matrikkelen frå 1667 var skulda til garden ½ laup smør og skatten i pengar 1¼ riksdalar. Det var ti naut på garden og utsåd var to tønner havre medan avlinga var sju tønner. Det var då to brukarar på garden. I 1723 var det berre ein brukar og matrikkelskulda var auka med fire merker smør frå 1 pund 18 merker smør. Utsåd var 1½ tønne havre og avling var sju tønner og ei skjeppe. Av buskap var det ein hest, ni naut og åtte sauer og geiter.[3][4]
Losnedal fekk elektrisk straum innlagt i 1958.[3] Garden har ikkje vegsamband. Bruka er nedlagde, bruk ein har vore det sidan 1981 og bruk to sidan 1983.[3]
Namn
endreFrå først var namnet truleg berre «Dalen».[3] I 1667 vart namnet skrive «Dallen», i 1723 «Losnedal».[5]
Statens kartverk har godkjend skrivemåtane «Øvre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, øvre» (1986), og «Nedre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, nedre» (1986).[6]
Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn vert det skrive «Losnedal».
Gardsnamet er ikkje kjend frå andre stader i landet.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 9. november 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 9. november 2010.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 2. Losnedal». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 25.
- ↑ Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5. [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
- ↑ «Oluf Rygh: «Losnedalen» i Norske Gaardsnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 9. november 2010.
- ↑ «yr.no». Henta 9. november 2010.
Vidare lesnad
endre- Ivar Kleiva: «Gnr. 2. Losnedal» i Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I, side 25-30.