Lost and Found av The Kinks

Lost and Found
Singel av The Kinks
frå albumet Think Visual
B-side

«Killing Time»

Utgjeve 3. april 1987
Innspelt Januar 1986 og juni-august 1986
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 5:19
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«How Are You»
(1986)
Lost and Found «The Road»
(UK, 1988)
---
«How Do I Get Close»
(US, 1990)


«Lost and Found» er ein song av The Kinks på albumet Think Visual frå 1986. Han var skriven av Ray Davies.

Tekst endre

Teksten på «Lost and Found» skildrar eit par i New York City som mistar kvarandre då ein orkan råkar området. Midt under uvêret finn dei kvarandre att.

Utgjeving endre

«Lost and Found» kom først ut på albumet Think Visual i november 1986. Songen vart gjeven ut på singel i både Storbritannia (som den andre singelen) og Amerika (som den tredje singelen). Sjølv om han ikkje nådde Billboard Hot 100 eller UK Singles Chart, nådde han 37. plassen på Mainstream Rock-lista i USA, like hgt som «Rock 'n' Roll Cities», den første singelen frå albumet.

Musikkvideo endre

Det vart laga ein video (med The Kinks) for å marknadsføre «Lost and Found».[1] I videoen spelar eit orkester songen med medlemmar av The Kinks, medan ein ser ein film i bakgrunnen. Ray Davies har på seg gammaldagse klede.

Kjelder endre

  1. «Kinks Videos». Henta 28. april 2018.