Lou Courtney
Lou Courtney (15. august 1943 som Louis Russell Pegues–2021) er ein USA-amerikansk soulsongar og låtskrivar, som hadde fleire hittar i 1960- og 1970-åra, både som artist og låtskrivar.
Lou Courtney | |||
Fødd | 15. august 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Buffalo i New York i USA | ||
Død | 2021 | ||
Fødenamn | Louis Russell Pegues | ||
Alias | Louis Pegues Lew Courtney | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1962 til 1980-åra | ||
Sjanger | soul, pop, funk | ||
Tilknytte artistar | Buffalo Smoke The 5th Dimension | ||
Plateselskap | Imperial, Riverside, Pop-Side, Verve, Epic, RCA, andre | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, plateprodusent |
Som Lew Courtney spelte han inn den første plata si for Imperial Records i 1962. Han arbeidde òg i New York City som låtskrivar med fødenamnet sitt, Louis Pegues, og skreiv for Chubby Checker i tillegg til Mary Wells-hitten «Ain't It the Truth» frå 1964. Med Dennis Lambert var han medlåtskrivar for popsongane «Find My Way Back Home» for The Nashville Teens, «Do the Freddie» for Freddie and the Dreamers og «Up and Down» av The McCoys.[1]
I 1966 fekk han kontrakt hos Riverside Records, og som Lou Courtney spelte han inn fleire dansebaserte songar. Den første hitten hans, «Skate Now», nådde 13. plassen på Billboard R&B-lista og 71. plassen på Hot 100 i 1967, og vart følgd av «Do the Thing» (nr. 17 R&B, nr. 80 pop).[2][3]
I 1970-åra gav han ut eit album, I’m In Need of Love, og gav ut Bonnie Raitt-albumet Streetlights i 1974, som Ragovoy produserte.
Han skipa eit band, Buffalo Smoke, som gav ut fleire singlar, inkludert ein funkversjon av «Stubborn Kind of Fella», og eit album på RCA Records i 1976.[2][4] I 1978 var Courtney ei kort stund medlem av The 5th Dimension.
Diskografi
endreSinglar
endreÅr | Singel | Listeplassering | |
---|---|---|---|
US Pop[3] | US R&B[3] | ||
1967 | «Skate Now» | 71 | 13 |
«Do the Thing» | 80 | 17 | |
«You Ain't Ready» | - | 46 | |
«Hey Joyce» | - | 43 | |
1973 | «What Do You Want Me To Do» | - | 48 |
1974 | «I Don't Need Nobody Else» | - | 67 |
Album
endre- Skate Now - Shing-A-Ling (Riverside, 1967)
- I’m In Need of Love (Epic, 1974)
- Buffalo Smoke (RCA, 1976)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lou Courtney» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Songar skrivne av Lou Courtney, MusicVf.com. Henta 29. september 2020
- ↑ 2,0 2,1 Biography, Allmusic.com. Henta 29. september 2020
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-1995. Record Research. s. 96.
- ↑ Buffalo Smoke LP, Discogs.com. Henta 29. september 2020