Streetlights
Streetlights Studioalbum av Bonnie Raitt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1974 | |
Innspelt | Sommaren 1974 | |
Studio | The Hit Factory, New York City | |
Sjanger | pop, R&B | |
Lengd | 37:05 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Jerry Ragovoy | |
Bonnie Raitt-kronologi | ||
---|---|---|
Takin' My Time (1973) |
Streetlights | Home Plate (1975)
|
Streetlights er det fjerde studioalbumet til Bonnie Raitt, gjeve ut i 1974.
Innspeling og musikk
endreBonnie Raitt fekk 10 000 dollar av Warner Bros. Records for å spele inn Streetlights, som var den minste summen ho hadde fått for å spele inn eit album.[1] Warner Bros. var misnøgd med den lange innspelingstida av det førre albumet hennar, Takin' My Time, og selskapet skar ned på utgiftene hennar. Dei to partane vart til slutt samde om eit forskot på meir pengar, mot at Raitt skulle velje ein produsent som tidlegare hadde hatt kommersiell suksess.[1] Raitt valde Jerry Ragovoy, som hadde arbeidd med musikarar som Janis Joplin og Dionne Warwick.[1] Ragovoy meinte at musikken til Raitt vart trekt ned av bluesen hennar, og ønskte å produsere eit album som var glattare og meir polert.[2] Raitt likte ikkje avgjersla til Ragovoy, men godtok det, og Streetlights vart spelt inn sommaren 1974.[2]
Kritikarar har skildra Streetlights som det første forsøket til Raitt på å spele inn musikk for eit større publikum.[3][4] I motsetnad til den meir ekletiske og tilbakelente stilen på dei tre første albuma hennar, hadde Streetlights enklare arrangement med meir strykarar, inspirert av pop og R&B.[2][4] Det er det einaste albumet til Raitt der ho ikkje spelar slidegitar.[2] Studiomusikaren Freebo sa at Raitt vart negativt påverka av den meir profesjonelle produksjonen på Streetlights. «Miljøet endra synginga hennar. Ho var i ei profesjonell verd med Streetlights, og ho måtte oppføre seg som ein» sa Freebo.[2] Ni av ti songar på albumet er coverversjonar av songar av musikarar som Joni Mitchell, James Taylor og John Prine.[5][6] Det eine originale sporet, «Ain't Nobody Home», var skriven av Ragovoy.[7]
Utgjeving og mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
Christgau's Record Guide | B[8] |
Entertainment Weekly | B[9] |
MusicHound Rock | 2/5[10] |
The New Rolling Stone Record Guide | [11] |
Streetlights kom ut i september 1974 på Warner Bros.[12] Streetlights nådde 80. plassen på Billboard Top LPs & Tapes-lista.[13] For å marknadsføre albumet drog Raitt på turné i Nord-Amerika med Jackson Browne, frå 13. september til 24. november.[14]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «That Song About the Midway» | Joni Mitchell | 4:44 |
2. | «Rainy Day Man» | James Taylor, Zach Wiesner | 3:41 |
3. | «Angel from Montgomery» | John Prine | 3:59 |
4. | «I Got Plenty» | Joey Levine, Jim Carroll | 3:09 |
5. | «Streetlights» | Bill Payne | 5:05 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «What Is Success» | Allen Toussaint | 3:32 |
7. | «Ain't Nobody Home» | Jerry Ragovoy | 3:04 |
8. | «Everything That Touches You» | Michael Kamen | 3:28 |
9. | «Got You on My Mind» | David Lasley, Allee Willis | 3:50 |
10. | «You Got to Be Ready for Love (If You Wanna Be Mine)» | Lou Courtney | 3:08 |
Medverkande
endreFrå den offisielle nettsida til Bonnie Raitt.[5]
- Bonnie Raitt – gitar, vokal
- Bob Babbitt – bass
- Charlie Brown – gitar
- Lou Courtney – vokal, korvokal
- Richard Davis – bass
- Freebo – bass
- Jerry Friedman – gitar
- Steve Gadd – trommer
- Paul Griffin – klaverinstrument
- Don Grolnick – klaverinstrument
- Carl Hall – vokal, korvokal
- John Hall – gitar
- Arthur Jenkins – perkusjon
- David Lasley – korvokal
- Ralph MacDonald – perkusjon
- Bob Mann – gitar
- Dave Matthews – strykarar, blåsarar
- Jon Mayer – klaverinstrument
- Jeff Mironov – gitar
- Leon Pendarvis – klaverinstrument
- Sharon Redd – korvokal
- David Spinozza – gitar
- Tasha Thomas – korvokal
- John Tropea – gitar
- Natalie Venable – vokal, korvokal
- Larry Wilcox – strykarar, horn
Produksjon
endre- Produsent: Jerry Ragovoy
- Lydteknikarar: Blaise Castellano, Harry Maslin, Bruce Tergesen
- Remiksing: Harry Maslin
- Remastering: Lee Herschberg
- Series produsent: Gregg Geller
- Prosjektkoordinator: Jo Motta
- Arranger: Jerry Ragovoy
- Blåsar- og strykararrangement: Larry Wilcox
Salslister
endreListe (1974) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[13] | 80 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Streetlights» frå Wikipedia på engelsk, den 29. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bego, Mark (1995). Bonnie Raitt : Just in the Nick of Time. Rowman & Littlefield. ISBN 978-1-5597-2315-2.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bego 1995, s. 49.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Bego 1995, s. 50.
- ↑ Lee, Peter (2004). The Blues Encyclopedia. Taylor & Francis. s. 805. ISBN 978-1-1359-5832-9.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Erlewine, Stephen Thomas (n.d.). «Bonnie Raitt - Streetlights». AllMusic. Henta 27. september 2020.
- ↑ 5,0 5,1 «Liner Notes - Streetlights». Bonnie Raitt Official Website. n.d. Arkivert frå originalen 27. februar 2020. Henta 29. september 2020.
- ↑ Bego 1995, s. 51.
- ↑ Bego 1995, s. 52.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 27. september 2020.
- ↑ Gordon, Robert (23. august 1991). «Bonnie Raitt on the record». Entertainment Weekly. Henta 27. september 2020.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2 utg.). Visible Ink Press. s. 919. ISBN 978-1-5785-9061-2.
- ↑ Testa, Bart (1983). Marsh, Dave; Swenson, John, red. The New Rolling Stone Record Guide. Random House/Rolling Stone Press. s. 410. ISBN 978-0-3947-2107-1.
- ↑ Bego 1995, s. 53.
- ↑ 13,0 13,1 "Bonnie Raitt Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bonnie Raitt. Prometheus Global Media. Henta 29. september 2020.
- ↑ «Bonnie Raitt Has Arrived» (PDF). Cashbox. XXXVI: 27. 28. september 1974.