Louis Blériot
Louis Blériot (1872–1936) var ein fransk flygar og flyinstruktør. I 1909 vart han den første som flaug over Den engelske kanalen.
Louis Blériot | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1. juli 1872 Cambrai |
Død | |
Yrke | flygar, ingeniør, oppfinnar, luftfartsingeniør, forretningsdrivande |
Språk | fransk |
Medlem av | Légion d'honneur D.P.L.V. |
Louis Blériot på Commons |
Det første flyet hans, Canard, vart bygd i 1907. Blériot utvikla styreorgana om lag slik som dei er i dag, med stikke for høgderor, og balanseror og pedalar for sideror. 25. juli 1909 vart han vidkjend for å ha gjennomført den første flyginga over Den engelske kanalen, frå Baraques til Dover.
Blériot er tuftaren av flyfabrikken Blériot Aéronautique, som var ein av dei største som fanst i Frankrike i mellomkrigstida. Det var denne flyfabrikken som bygde flyet som Tryggve Gran tok i bruk under Nordsjøflyginga si i juli 1914.
Kjelder
endre- Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Bind. 2. Ben-Ch. Oslo: Kunnskapsforlaget. 1978-1984. ISBN 82-573-0013-6