Louis V. Gerstner jr.
(Omdirigert frå Louis V. Gerstner, Jr.)
Louis V. Gerstner jr. (fødd 1. mars 1942 i New York) var ein amerikansk forretningsmann som var styreformann og administrerande direktør for IBM frå 1993 til 2002. Gerstner jobba i McKinsey & Company i New York City 1965–1977, og deretter i American Express i 11 år. Han jobba så nokre år for RJR Nabisco, før han overtok stillinga i IBM etter John F. Akers. IBM hadde store finansielle problem, med underskot i 1993 på over 8,1 milliardar dollar. Gerstner klarte på ein utradisjonell måte å snu denne negative tendensen. Allereie i 1994 var underskotet snudd til eit overskot på 3 milliardar dollar.
Louis V. Gerstner jr. | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1. mars 1942 (82 år) Mineola |
Yrke | bedriftsleiar, forretningsdrivande |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, National Academy of Engineering |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Louis V. Gerstner jr.» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2009.
.