Louisiana-territoriet



Territory of Louisiana
Louisiana-territoriet
Organisert innlemma territorium

1805–1812

Location of Louisiana
Location of Louisiana
Kart over Louisiana-territoriet
Styreform Organisert innlemma territorium
Guvernør
 - 1807-1809 Meriwether Lewis
 - 1813-1820 William Clark
Historie
 - Oppretta 4. juli 1805
 - Omdøypt Missouri-territoriet 4. juni 1812

Louisiana-territoriet (engelsk Louisiana Territory) var eit organisert innlemma territorium i USA som eksisterte frå 4. juli 1805, til 4. juni 1812, då det vart omdøypt til Missouri-territoriet.

Den åttande kongressen i USA den 26. mars 1804 vedtok ei lov[1] som oppretta Orleans-territoriet og det sivile Louisiana-distriktet. Denne lova, som tredde i kraft 1. oktober 1804, vart utvida av guvernøren og dommaren i Indiana-territoriet for å få mellombels styre over Louisiana-distriktet.

3. mars 1805, vedtok Kongressen ei lov som organiserte Louisiana-distriktet i Louisiana-territoriet. Louisiana-territoriet omfatta alt i Louisiana-kjøpet nord for 33. breiddegrad (sør for dagens Arkansas). Den sørlege og vestlege grensa mot Spansk Texas og New Mexico vart ikkje stadfesta før Adams-Onís-avtalen i 1819. Setet for guvernøren var St. Louis.

Både Meriwether Lewis (1807-1809) og William Clark (1813-1820) var guvernørar i Louisiana-territoriet.

4. juni 1812 vedtok den 12. kongressen i USA ei lov som gav Louisiana-territoriet namnet Missouri-territoriet for å unngå forvirring med den nyoppretta staten Louisiana.[2]

Kjelder

endre
  1. "An act erecting Louisiana into two territories and providing for the temporary government thereof". United States Statutes at Large. Eighth Congress, Session I, Chapter 38, 26. mars 1804, s. 283-289. Frå Library of Congress, A Century of Lawmaking for a New Nation: U.S. Congressional Documents og Debates, 1774-1875.
  2. "An Act providing for the government of the territory of Missouri". United States Statutes at Large. Twelfth Congress, Session I, Chapter 95, 4. juni 1812, s. 742-747. From Library of Congress, A Century of Lawmaking for a New Nation: U.S. Congressional Documents og Debates, 1774-1875.