Engelsk

språk i den vestgermanske språkgruppa
(Omdirigert frå Engelsk språk)

Engelsk er eit indoeuropeisk språk på den germanske språkgreina, eit vestgermansk, angelsaksisk språk. Engelsk er etterkomar av språket til dei germanske stammane som utvandra frå område i dagens Sør-Danmark og Nord-Tyskland på 400-talet. Språket med nærast slektskap til engelsk på kontinentet i dag er frisisk, som framleis blir tala av somme i desse områda og i delar av Nederland.

Engelsk
English
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
   Engelsk
Talarar Anglo-, engelsktalande
Bruk
Tala i Offisielt språk i 53 land og fleire internasjonale samskipingar. (engelsk blir tala i 105 land)
Rangering 3
Språkkodar
ISO 639-1 en
ISO 639-2 eng
ISO 639-3 eng
Wikipedia på engelsk
EN: engelsk symbolisert ved språkkoden ISO 639-1
Engelsk i verda. Land der det er offisielt språk er markerte med blått, dei der det er eit offisielt men ikkje hovudspråk med turkis.

Påverknader endre

Engelsk er blitt ein del påverka av andre språk, særleg nordiske språk i vikingtida, og deretter fransk. Frå om lag år 800 hadde både norske og danske vikingar mykje aktivitet på dei britiske øyane. Dei røva sjølvsagt, men mange slo seg etter kvart ned og blei bønder og handelsfolk. Fleire byar er grunnlagde av nordmenn, mellom dei York (Jorvik) i Yorkshire i nordaust-England og Dublin i Irland.

Gammalengelsk og norrønt var såpass nært beslekta at nordmenn og engelskmenn kunne skjønne kvarandre, og med stadig meir samkvem blei engelsken etter kvart påverka. Engelsk tok opp i seg ikkje berre substantiv som fellow (felag) og bitch (bikkje), for å nemne eit par av dei, men jamvel dei personlege pronomena i tredje person fleirtal, they (dei), them (dem) og their (deira).

Men i 1066 erobra fransktalande normannarar (frå Normandie) England, og etablerte seg som herskande klasse i landet. Ein kan seie at fransk var offisielt språk i England dei neste par hundre åra. Det har sjølvsagt også påverka det engelske språket mykje, særleg fekk det mange nye substantiv, mange av dei knytte til makt, landsstyring og slikt (government, army). Men somtid forsvann ikkje det germanske ordet sjølv om eit fransk eit kom inn, slik at ein fekk desse typiske ord-para i engelsk, der to ord anten betyr det same (freedom og liberty) eller heng ihop utan å bety det same (som sheep for dyret og mutton for kjøtet).

Engelsk tale og skrift endre

Engelsk talemål har endra seg mykje oppgjennom tida, men ikkje skrivemåten så mykje. Derfor er det til dels svært stor skilnad på skrivemåte og uttale av engelske ord. Eit døme kan vere ordet knight, uttala /nait/ i moderne engelsk, men skrive slik fordi det ein gong blei uttala ikkje ulikt det tyske ordet Knecht eller det norske knekt. Det meste av uttaleendringane (The Great Vowel Shift, osv.) i sørengelske dialektar skjedde før William Shakespeare si tid, som er perioden Early Modern English (frå 1500-talet). Dette er parallelt til at norsk språk går inn i den nynorske perioden om lag samtidig.

Uttaleendringar sidan da er stort sett bortfall av uttala r i somme posisjonar i Søraust-England og i det standardiserte munnlege elitespråket som utvikla seg i overklassen i og rundt London. Denne svært tronge talemålsnorma utvikla seg på 1800-talet, og har halde seg som standard britisk uttale til denne dag under namnet Received Pronunciation (RP), som kanskje kan omsetjast med "godt mottatt uttale", også kalla The Queen's English. Veldig få har denne uttalen naturleg, han er sosialt sett svært snever, men har framleis stor prestisje i Storbritannia.

I andre engelsktalande land er forholda med omsyn til dette annleis. Iallfall gjeld det Nord-Amerika, der den amerikanske uttalen som utvikla seg generelt sett har halde på mange av dei trekka som britisk standarduttale har forlate, til dømes blir r uttala overalt der han eigentleg finst i den nordamerikanske standarduttalen General American (GA). Denne talemålsnorma er mykje breiare (og såleis meir demokratisk) enn den britiske, både geografisk og sosialt. Nokre få ord blir også skrivne annleis i amerikansk enn i britisk engelsk. Da er det snakk om ei forenkling, såleis til dømes labor for labour, check for cheque, osv. Slik er amerikansk engelsk på ein måte både meir «gammaldags» sidan han har endra seg mindre sidan 16-1700-talet enn britisk standarduttale, og meir "moderne" sidan han har forenkla skrivemåten av ein del ord. Men heller ikkje amerikansk engelsk er i nærheita av å ha så nokolunde samsvar mellom uttale og skrivemåte, slik målet har vore for rettskrivinga i Noreg.

Engelsk som verdsspråk endre

Engelsk er blitt verdsspråket framfor noko anna, sjølv om mandarinkinesisk blir tala av fleire. I alle verdsdelar finst det land der engelsk er morsmålet for mange eller dei fleste av innbyggjarane, i tillegg kjem det at engelsk er det andre språket for mange tospråklege menneske i land der engelsk er eitt av fleire offisielle språk. Dessutan er engelsk det fyrste framandspråket i mange land, som til dømes i Noreg. Det er vanleg å kopla denne dominansen opp mot maktstrukturar. Da Elisabeth I var britisk dronning, blei engelsk forstått og tala av berre nokre få millionar menneske på dei britiske øyane (og ikkje av alle der heller; mange tala keltisk eller angelsaksisk skotsk). Dette endra seg då Det britiske imperiet oppstod, som hadde koloniar i alle hjørne av verda. Denne sterke påverknaden har vara fram til i dag, og er minst like sterk i dag. Engelsk påverknad er ofte særleg synleg i kulturuttrykk av ymse slag, så som musikk, film og fjernsynsprogram. Eitt område som er særskilt dominert av engelsk er datateknologien, der engelsk var om lag einerådande i fleirfaldige tiår. Det blir arbeidd med å betra denne situasjonen, men det står framleis mykje att før heile datasystem som til dømes NetBSD, Microsoft Windows eller Solaris blir tilgjengelege på andre språk enn engelsk. Mange samanliknar stillinga engelsk held i dag med den latin hadde i forskingslivet fram til om lag på 1800-talet, og det er vanskeleg å førestella seg at posisjonen til språket vil bli nemneverdig svekt med det fyrste.