Loukás Výndra (fødd 5. februar 1981 i Město Albrechtice i Mähren-Schlesien-regionen) er ein tsjekkisk-gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han spelar i forsvar for Panathinaikós. Han har tsjekkisk far og gresk mor.

Loukás Výndra
Personleg informasjon
Fullt namn Λουκάς Βύντρα
Loukás Výndra
Fødd 5. februar 1981
Fødestad Město Albrechtice
Høgd 184 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Panathinaikós
Nummer 24
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
1999-2000
2000-01
2001-03
2003-
Hellas Almopó Aridéas
Hellas Paniliakós
Hellas Véria
Hellas Paniliakós
Hellas Panathinaikós
-
-
24 (0)
63 (3)
124 (6)
Landslag
1997-2005
2005-
Hellas Hellas U21
Hellas Hellas
20 (3)
27 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. juli 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 3. mars 2010

Klubbkarriere

endre

Výndra begynte proffkarrieren sin i fotballklubben Paniliakós i 1999, men gjekk over til Véria i 2000. I 2001 kom han tilbake til Paniliakós og spelte fast for dei, til han vart kjøpt av topplaget Panathinaikós i 2003/04-sesongen. Han var med på å vinna den greske serien og cupen den sesongen, men spelte berre 5 seriekampar. Sommaren 2007 var tyske Hertha Berlin interessert i å kjøpa Výndra, men Panathinaikós avslo dette. Han skåra mot Sevilla i UEFA-cupen i 2004/05-sesongen. Dei første to ligamåla sine for Panathinaikós skåra han mot PAOK Thessaloniki 8. februar 2009.

Han har for det meste spelt som høgreback for Panathinaikós, men sidan 2008/09-sesongen har han vore meir brukt som midtstoppar, og til tider òg som venstreback.

Landslagskarriere

endre

Výndra tok del i sommar-OL i 2004 for det greske fotballandslaget. Han var med i A-landslagstroppen til Confederations Cup i 2005, der han spelte to kampar. I 2008 var han med i troppen til fotball-EM, der han spelte éin kamp.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk og tysk wikipedia 23. mars 2010.