Opna hovudmenyen

UEFA-cupen var ei årleg fotballturnering for europeiske fotballag som vart arrangert av UEFA i tida 1971-2009.

Turneringa kom i stand frå hausten 1971 og erstatta den tidlegare cupturneringa Messebycupen. UEFA-cupen var frå byrjinga eit reint cupmesterskap, første året avvikla over fem rundar med avsluttande kampar heime og borte mellom dei to finalistane. Deltakarar i turneringa var klubbar som var kvalifiserte etter nasjonale kriterium. Talet på deltakarar frå nasjonale seriar varierte etter eit kvotesystem. Til dømes hadde England fire deltakarar, Skottland tre, Sverige to og Noreg, Danmark og Island ein deltakar i den første sesongen.

Frå 1997 vart det spela ein einaste finalekamp, mot tidlegare heime- og bortekamp. I 1999 vart UEFA-cupen utvida ettersom Cupvinnarcupen vart lagt ned. Klubbane som etter gammalt var kvalifisert til å spele i Cupvinnarcupen fekk plass i UEFA-cupen. Frå 2004 vart turneringa omorganisert. Etter eit innleiande kvalifiseringsspel, vart klubbane fordelt i grupper som spela i små seriar. Etter gruppespelet vart det atter cupspel mellom dei 32 beste i gruppespelet. Dei to finalistane møttest så i ein avgjerande finale på eit utvald stadion.

UEFA-cupen vart historie i 2009. UEFA oppretta i staden Europaligaen (UEFA Europa League).

Begge dei italienske klubbane Juventus og Inter vann UEFA-cupen tre gongar, til liks med engelske Liverpool FC. Viking deltok flest gongar av norske klubbar, i elleve turneringar. Ingen norsk klubb tok seg nokon gong til åttandedelsfinalen.

Finalane i UEFA-cupenEndra

UEFA-cup-finalar
Sesong Land Vinnar Resultat Tapar Land Stadion Tilskodarar
1971/72   Tottenham Hotspur 2–1 Wolverhampton Wanderers   Molineux Stadium i Wolverhampton 38 362
  Tottenham Hotspur 1–1 Wolverhampton Wanderers   White Hart Lane i London 54 303
1972/73   Liverpool 3–0 Borussia Mönchengladbach   Anfield Road i Liverpool 41 169
  Liverpool 0–2 Borussia Mönchengladbach   Bökelbergstadion i Mönchengladbach 34 905
1973/74   Feyenoord 2–2 Tottenham Hotspur   White Hart Lane i London 46 281
  Feyenoord 2–0 Tottenham Hotspur   De Kuip i Rotterdam 59 317
1974/75   Borussia Mönchengladbach 0–0 Twente   Rheinstadion i Düsseldorf 42 368
  Borussia Mönchengladbach 5–1 Twente   Diekman Stadion i Enschede 21 767
1975/76   Liverpool 3–2 Club Brugge   Anfield Road i Liverpool 50 188
  Liverpool 1–1 Club Brugge   Olympiastadion i Brugge 29 423
1976/77   Juventus 1–0 Athletic Bilbao   Stadio Comunale i Torino 54 800
  Juventus 1–2 Athletic Bilbao   San Mamés i Bilbao 39 700
1977/78   PSV Eindhoven 0–0 Bastia   Stade Armand Cesari i Bastia 15 000
  PSV Eindhoven 3–0 Bastia   Philips Stadion i Eindhoven 27 000
1978/79   Borussia Mönchengladbach 1–1 Raude Stjerne Beograd   Stadion Crvena Zvezda i Beograd 87 000
  Borussia Mönchengladbach 1–0 Raude Stjerne Beograd   Rheinstadion iDüsseldorf 45 000
1979/80   Eintracht Frankfurt 2–3 Borussia Mönchengladbach   Bökelbergstadion i Mönchengladbach 25 000
  Eintracht Frankfurt 1–0 Borussia Mönchengladbach   Waldstadion i Frankfurt 59 000
1980/81   Ipswich Town 3–0 AZ   Portman Road i Ipswich 27 532
  Ipswich Town 2–4 AZ   Olympisch Stadion i Amsterdam 28 500
1981/82   IFK Göteborg 1–0 Hamburg   Nya Ullevi i Göteborg 42 548
  IFK Göteborg 3–0 Hamburg   Volksparkstadion i Hamburg 57 312
1982/83   Anderlecht 1–0 Benfica   Heysel-stadion i Brussel 52 694
  Anderlecht 1–1 Benfica   Estádio da Luz i Lisboa 80 000
1983/84   Tottenham Hotspur 1–1 Anderlecht   Constant Vanden Stock i Brussel 40 000
  Tottenham Hotspur 1–1* Anderlecht   White Hart Lane i London 46 205
1984/85   Real Madrid 3–0 Videoton   Stadion Sóstói i Székesfehérvár 38 000
  Real Madrid 0–1 Videoton   Santiago Bernabéu i Madrid 98 300
1985/86   Real Madrid 5–1 Köln   Santiago Bernabéu i Madrid 85 000
  Real Madrid 0–2 Köln   Olympiastadion i Berlin 21 185
1986/87   IFK Göteborg 1–0 Dundee United   Nya Ullevi i Göteborg 50 023
  IFK Göteborg 1–1 Dundee United   Tannadice Park i Dundee 20 911
1987/88   Bayer Leverkusen 0–3 Espanyol   Estadi de Sarrià i Barcelona 31 180
  Bayer Leverkusen 3–0* Espanyol   Ulrich Haberland Stadion i Leverkusen 21 600
1988/89   Napoli 2–1 VfB Stuttgart   Stadio San Paolo i Napoli 81 093
  Napoli 3–3 VfB Stuttgart   Neckarstadion i Stuttgart 67 000
1989/90   Juventus 3–1 Fiorentina   Stadio Comunale i Torino 45 000
  Juventus 0–0 Fiorentina   Stadio Partenio i Avellino 32 000
1990/91   Internazionale 2–0 Roma   San Siro i Milano 68 887
  Internazionale 0–1 Roma   Stadio Olimpico i Roma 70 901
1991/92   Ajax 2–2 Torino   Stadio delle Alpi i Torino 65 377
  Ajax 0–0 Torino   Olympisch Stadion i Amsterdam 42 000
1992/93   Juventus 3–1 Borussia Dortmund   Westfalenstadion i Dortmund 37 000
  Juventus 3–0 Borussia Dortmund   Stadio delle Alpi i Torino 62 781
1993/94   Internazionale 1–0 Casino Salzburg   Ernst-Happel-Stadion i Wien 47 500
  Internazionale 1–0 Casino Salzburg   San Siro i Milan 80 326
1994/95   Parma 1–0 Juventus   Stadio Ennio Tardini i Parma 22 062
  Parma 1–1 Juventus   San Siro i Milano 80 754
1995/96   Bayern München 2–0 Bordeaux   Olympiastadion i München 62 000
  Bayern München 3–1 Bordeaux   Parc Lescure i Bordeaux 36 000
1996/97   Schalke 04 1–0 Internazionale   Parkstadion i Gelsenkirchen 56 824
  Schalke 04 0–1* Internazionale   San Siro i Milano 81 675
1997/98   Internazionale 3–0 Lazio   Parc des Princes i Paris 44 412
1998/99   Parma 3–0 Marseille   Luzjniki stadion i Moskva 66 700
1999/2000   Galatasaray 0–0*[A] Arsenal   Parken i København 38 919
2000/01   Liverpool 5–4§[B] Alavés   Westfalenstadion i Dortmund 48 050
2001/02   Feyenoord 3–2 Borussia Dortmund   De Kuip i Rotterdam 45 611
2002/03   Porto 3–2 [C] Celtic   Estadio La Cartuja i Sevilla 52 972
2003/04   Valencia 2–0 Marseille   Nya Ullevi i Göteborg 39 000
2004/05   CSKA Moskva 3–1 Sporting Lisboa   Estádio José Alvalade i Lisboa 47 085
2005/06   Sevilla 4–0 Middlesbrough   Philips Stadion i Eindhoven 33 100
2006/07   Sevilla 2–2*[D] Espanyol   Hampden Park i Glasgow 47 602
2007/08   Zenit St. Petersburg 2–0 Rangers   City of Manchester Stadium 43 878
2008/09   Sjakhtar Donetsk 2–1 [E] Werder Bremen   Şükrü Saracoğlu Stadı i Istanbul 37 357

KjelderEndra