Lovbrot
Lovbrot er i vid meining slike handlingar eller slik framferd som er forbode ifylgje ei lov, eller ifylgje føresegner gjeve av offentleg styresmakt i medhald av ei lov. Men vanlegvis taler ein ikkje om lovbrot i alle høve der det er gjort noko som strir mot lova, men berre dersom det er fastsett i lova at handlinga eller framferda kan gjeve grunnlag for ein straffereaksjon.