Love Beach
Love Beach Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. november 1978 | |
Innspelt | 1978 | |
Studio | Compass Point Studios, Nassau, Bahamas | |
Sjanger | Progressiv rock, poprock | |
Lengd | 41:03 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Keith Emerson | |
Emerson, Lake & Palmer-kronologi | ||
---|---|---|
Works Volume 2 (1977) |
Love Beach | In Concert (1979)
|
Love Beach er det sjuande studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer. Albumet kom ut i november 1978 på Atlantic Records som det siste studioalbumet deira før dei vart oppløyste året etter. Mot slutten av den nordamerikanske turneen deira i 1977-1978 hadde forholdet deira byrja å surne, men gruppa hadde kontrakt om å spele inn minst eitt album til. Dei drog til Nassau i Bahamas i skatteeksil for å spele inn Love Beach med tekstforfattaren Peter Sinfield som er oppført som medlåtskrivar på alle spora. Etter at Greg Lake og Carl Palmer var ferdige med sine delar, forlet dei øya og let Keith Emerson gjere ferdig albumet på eiga hand.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Classic Rock | [3] |
Rolling Stone | (negativ)[2] |
Sea of Tranquility | [4] |
Albumet fekk negativ omtale då det kom ut. Det nådde 48. plassen på UK Albums Chart og 55. plassen på den amerikanske Billboard 200, der det selde til gullplate i januar 1979 for 500 000 selde eksemplar.[5] Det vart gjeve ut ein singel frå albumet i Storbritannia, Lake og Sinfield sin «All I Want is You». Det vart ingen turné etter albumet og tidleg i 1979 var Emerson, Lake & Palmer oppløyst.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «All I Want Is You» | Greg Lake, Peter Sinfield | 2:36 |
2. | «Love Beach» | Lake, Sinfield | 2:46 |
3. | «Taste of My Love» | Lake, Sinfield | 3:33 |
4. | «The Gambler» | Keith Emerson, Lake, Sinfield | 3:23 |
5. | «For You» | Lake, Sinfield | 4:28 |
6. | «Canario» (frå Fantasía para un gentilhombre) | Joaquín Rodrigo | 4:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Memoirs of an Officer and a Gentleman»
| Emerson, Sinfield, utanom d.: Emerson | 20:12 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «All I Want is You» (alternativ miks frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Lake, Sinfield | |
9. | «Taste of My Love» (alternativ miks frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Lake, Sinfield | |
10. | «The Gambler» (alternativ miks frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Emerson, Lake, Sinfield | |
11. | «For You» (alternativ miks frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Lake, Sinfield | |
12. | «Letters from the Front» (alternativ miks frå 1978 (ikkje før utgjeven) - feilaktig oppført som «Honourable Company (A Mars)» på CD og nedlasting) | Emerson, Sinfield | |
13. | «Canario» (øvingsopptak frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Joaquín Rodrigo | |
14. | «Letters from the Front» (øvingsopptak frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Lake, Sinfield | |
15. | «Prologue / The Education of a Gentleman» (øvingsopptak frå 1978 (ikkje før utgjeven)) | Lake, Sinfield |
Medverkande
endreEmerson, Lake & Palmer
- Keith Emerson – klaverinstrument
- Greg Lake – vokal, gitarar, bass, munnspel
- Carl Palmer – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Peter Sinfield – tekstar
Produksjon
- Keith Emerson – produsent
- Jack Nuber – lydteknikar
- Karl Pitterson - lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Love Beach» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Forrester, George; Hanson, Martyn (2013). Emerson, Lake and Palmer: The Show That Never Ends ... Encore. Foruli Classics. ISBN 978-1-905-79239-9.
- Macan, Edward (2006). Endless Enigma: A Musical Biography of Emerson, Lake & Palmer. Open Court Publishing Company. ISBN 0-8126-9596-8.
- ↑ Allen, Jim (2011). «Love Beach - Emerson, Lake & Palmer | AllMusic». AllMusic. Henta 25. februar 2020.
- ↑ Bloom, Michael (8 Mars 1979). «Emerson, Lake & Palmer - Love Beach». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. mars 2007. Henta 12. desember 2011.
- ↑ Fielder, Hugh (February 2005). «Eight by Three». Classic Rock 76. London, UK: Future Publishing Ltd. s. 104.
- ↑ Pardo, Pete. «Emerson Lake & Palmer: Love Beach (remastered)». Sea of Tranquility. Henta 23. februar 2020.
- ↑ «Gold & Platinum search – Love Beach». Recording Industry Association of America. Henta 27. februar 2020.