Lozva
Lozva (russisk Лозьва) er ei elv i Sverdlovsk oblast i Russland og ei av kjeldelvane til Tavda frå venstre. Elva er 637 km lang og har eit nedslagsfelt på 17 800 km². Elva har ei middelvassføring på 70 m³/s.
Lozva | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 17 800 km² | ||
Lengd | 347 km | ||
Middelvassføring | 70 m³/s | ||
Munning | Tavda | ||
Lozva 61°50′56″N 59°21′00″E / 61.848926°N 59.350128°E |
Elva frys til i månadsskiftet oktober/november og er dekt av is til vårløysinga i månadsskiftet april/mai. Dei største sideelvane er Pynovka, Bolsjaja Jevva, Popil og Ivdel. Lozva renn saman med Sosva og dannar Tavda.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lozva» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.