Lualaba-elva

Lualaba (òg kalla Luala) er ei elv i Den demokratiske republikken Kongo, og i praksis den austlege opphavselva for Kongoelva. Lualaba er den største tilløpsselva til Kongo rekna etter vassføring, og gjennom sideelva Luvua sine tilløpselver Luapula og Chambeshi er ho òg den lengste. Hovudløpet til Lualaba er 1800 km langt. Elva byrja i grenseområdet mot Zambia, og renn derfrå mot nord til Kisangani, der elva Kongo offisielt byrjar.

Lualaba-elva
elv
Lualaba River DRC.svg
Land Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Den demokratiske republikken Kongo

Lualaba-elva
2°8′52″ N 22°28′55″ E
Wikimedia Commons: Lualaba River

ElveløpEndra

 
Fiske i Boyomafalla.

Kjeldene til Lualaba ligg 1400 moh., på Katangaplatået vest for Lubumbashi i provinsen Katanga, og fell derfrå gjennom ein serie fossar og stryk (457 meter på 72 km) ned til Manikaplatået. Ved Kamalondo blir elva utnytta til produksjon av vasskraft, ved Nzilo-demninga nær Nzilofalla. Frå Bukama er elva seglbar over ei strekning på 640 km ned til Kongola. På denne strekninga renn Lualaba gjennom ei rekkje sumpar og innsjøar (mellom anna Upembasjøen og Kisalesjøen). Nedstraums frå Kongola renn elva gjennom den tronge slukten Portes d'Enfer. Mellom Kasongo og Kibombo er elva igjen seglbar over rundt 100 km, før ho igjen går inn i eit bankparti ved Kindu-Port-Empain. Slutten på elva blir markert ved Boyomafalla, som blir danna av sju kataraktar over ei strekning på 100 km mellom Ubundu og Kisangani. Nedanfor Boyomafalla heiter elva Kongo.

HistorieEndra

 
Bilde av Lualaba frå då ho låg i Belgisk Kongo.

Under den europeiske utforskinga av Afrika på 1800-talet var Lualaba rekna på som ein av fleire moglegheiter til å vera kjelda til Nilen, og ho blei mellom anna utforska av David Livingstone som dette. Verney Lovett Cameron fastslo likevel at elva låg for lågt til å kunna vera ei sideelv til Nilen, og at ho dermed måtte drenera mot Kongo og Atlanterhavet. Dette blei stadfesta av Henry Stanley, då han i 1876-77 reiste frå Tanganyikasjøen og ned Lualaba og Kongo, til Boma ved Atlanterhavet.[1]

SideelverEndra

Dei største sideelvene til Lualaba er (frå nord til sør) Lowa, Ulindi, Luama, Lukuga (som har utløp frå Tanganyikasjøen), Lufira, Lubudi og Luvua. Upemba nasjonalpark ligg sør og austom elva i den sentrale delen av Katanga-provinsen.

Byar langs elvaEndra

Dei største byane langs elva er Kindu, Kasongo, Kongolo og Kabalo.

KjelderEndra

  1. Stanley, H.M., 1899, Through the Dark Continent, London: G. Newnes, Vol. One ISBN 0486256677, Vol. Two ISBN 0486256685

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Lualaba-elva
Litteratur
  • Tim Butcher: Blood River – A Journey To Africa's Broken Heart, 2007. ISBN 0-701-17981-3
  • John Blashford-Snell: In the Steps of Stanley, Hutchinson & Co, London 1975, ISBN 0-09-125080-3