Lucienne Schmith-Couttet

Lucienne Schmith-Couttet (27. november 19264. oktober 2022) var ein fransk skirennar, fødd i Chamonix. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 1954.

Lucienne Schmith-Couttet
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 27. november 1926
Chamonix
Død

4. oktober 2022 (95 år)
Chamonix

Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1948

Karriere endre

Schmith vart i 1946 og 1948 fransk meister i slalåm. I 1948 deltok ho i dei olympiske vinterleikane i St. Moritz og vart som best nummer ti i utfor. Året etter vann ho både utfor, slalåm og dermed også kombinasjonen ved Harriman Cups i USA-amerikanske Sun Valley. Same sesongen vart ho kanadisk meister i slalåm og i kombinasjon. Ved dei såkalla SDS-renna i Grindelwald fekk ho i åra 1949-54 fem pallplasseringar, mellom dei kombinasjonssigeren i 1954.

Ved verdsmeisterskapen 1950 i Aspen i USA vann Schmith-Couttet bronsemedaljen i storslalåm. Fire år seinare vart ho den fyrste franske kvinna som vann gullmedaljen i eit alpint verdsmeisterskap. Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart ho verdsmeister i storslalåm og ho tok bronsemedaljen både i utfor og i kombinasjonen.

Ho var gift med den franske skirennenaren James Couttet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre