Ludovic Fabregas (fødd 1. juli 1996) er ein fransk handballspelar frå Perpignan. Han vart verdsmeister 2017 og olympisk meister 2021 med Frankrike sitt landslag. Han har elles vunne EHF-meisterligaen i 2018 for Montpellier HB og i 2021 og 2022 for FC Barcelona. Fabregas er linjespelar.

Ludovic Fabregas


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1. juli 1996 (27 år)
Perpignan
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016, Handball-VM 2017 for menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ridder av Æreslegionen

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.