Ludvig XVI av Frankrike
Konge av Frankrike og Navarra
(Omdirigert frå Ludvig 16. av Frankrike)
Ludvig XVI (23. august 1754–21. januar 1793) var konge av Frankrike frå 1774 til 1792. Han var den siste franske eineveldige kongen og vart til slutt offer for den franske revolusjonen, då han vart avretta ved giljotinering den 21. januar 1793.
Ludvig XVI av Frankrike | |||
| |||
Regjeringstid | 1774-1792 | ||
---|---|---|---|
Fransk | Louis XVI | ||
Fødd | 23. august 1754 | ||
Fødestad | Slottet i Versailles | ||
Død | 21. januar 1793 | ||
Dødsstad | place de la Concorde | ||
Gravstad | Klosterkyrkja Saint-Denis, Madeleine Cemetery | ||
Føregangar | Ludvig XV | ||
Etterfølgjar | Monarkiet avskaffa; med tida Napoleon I | ||
Gift med | Marie Antoinette | ||
Dynasti | Huset Bourbon | ||
Far | Ludvig Ferdinand | ||
Mor | Maria Josepha Carolina av Sachsen | ||
Born | Marie-Thérèse-Charlotte av Frankrike, Louis Joseph Xavier François av Bourbon, Ludvig XVII av Frankrike, Marie Sophie Hélène Béatrice av Frankrike |
Han var son av dauphinen (kronprinsen Ludvig Ferdinand (1729-1765), den einaste sonen av kong Ludvig XV, og kronprinsessa, Maria Josepha av Sachsen. Faren døydde ung og kom aldri på trona. Ludvig XVI var gift med Marie-Antoinette av Austerrike. Med Marie Antoinette fekk han fire barn.