Ludvig Filip av Frankrike

(Omdirigert frå Ludvig Filip)

Ludvig Filip (6. oktober 177326. august 1850) var fransk konge frå 1830 til 1848. Regjeringstida hans vert kalla julimonarkiet eller «borgarkongedømmet», han sjølv nemnd for «borgarkongen». Han vart vald til konge etter julirevolusjonen og styrta under februarrevolusjonen.

Ludvig Filip av Frankrike
1841 portrait painting of Louis Philippe I (King of the French) by Winterhalter.jpg
Fødd6. oktober 1773
FødestadParis
Død26. august 1850
DødsstadClaremont
GravstadChapelle Royale de Dreux
Gift medMaria Amalia av Dei to Sicilia
DynastiFourth House of Orleans
FarLouis-Philippe d'Orléans
MorLouise Marie Adélaïde de Bourbon
BornFerdinand-Philippe d'Orléans, Marie Louise av Frankrike, Marie d'Orléans, Louis d'Orléans, Clémentine d'Orléans, François d'Orléans, Charles d'Orléans, Henri d'Orléans, Antoine d'Orléans, Francisca van Orléans

LivEndra

 
Ludvig Filip teikna av Eugène Lami

Revolusjonær og emigrantEndra

Ludvig Filip var son til hertugen av Orleans og delte faren sine sympatiar for den franske revolusjonen. I 1792 gjekk Ludvig Filip inn i hæren til revolusjonsgeneralen Dumouriez og deltok i slaga ved Valmy og Jemappes. Året etter flykta han til Austerrike. Dei neste 14 åra budde Ludvig Filip utanlands og besøkte ei rekke land. Mellom anna reiste han i 1795 heilt til Nordkapp og seinare tok han ein tur til Amerika. Åra 1800–08 budde han i Storbritannia.

Konge av FrankrikeEndra

I 1809 gifta Ludvig Filip seg med dottera til kong Ferdinand I av Dei to Sicilia. Under restaurasjonen av det franske monarkiet etter napoleonstida spelte han inga viktig rolle. Under julirevolusjonen i 1830 vart han derimot fyrst utropt til riksforstandar, få månader seinare vart han vald til konge.

Ludvig Filips styre gagna særleg den rike delen av middelstanden. Derimot vart han møtt med motstand frå dei liberale og demokratiske partia. Etter 1840 greip kongen meir personleg inn i statsstyret, støtta av førsteminister Francois Guizot. Korrupsjon i politikken og vaklande utanrikspolitikk svekka julikongedømmet si stilling.

Ludvig Filip vart styrta under februarrevolusjonen i 1848. Han stakk omgåande av til Storbritannia, der han døydde to år etter.

KjelderEndra