Opna hovudmenyen

Koordinatar: 71°10′21″N 25°47′40″E

Nordkappklippa

Nordkapp (nordsamisk Davvenjárga) er ei klippe på Magerøya i Finnmark fylke i Noreg, i Nordkapp kommune. Den 307 m høge, bratte klippa er ofte omtala som det nordlegaste punktet i Europa, sjølv om Knivskjelodden like ved når om lag 1380 m lenger nord.

Begge desse stadene ligg på øya Magerøya, noko som gjer at det nordlegaste punktet i Fastlands-Europa er Kinnarodden. Magerøya fekk fastlandssamband 15. juni 1999.

Nordkapp, Knivskjelodden, Kinnarodden

HistorieEndra

På norsk heitte klippa opphavleg Knyskanes, men fekk namnet Nordkapp av den engelske utforskaren Steven Borough i 1553 då han passerte ho på leiting etter Nordaustpassasjen.[1]

Etter det blei ho sporadisk besøkt av våghalsar som tok seg opp det bratte terrenget. Mellom desse var kong Oskar II i 1873 og kong Rama V av Thailand i 1907. Under andre verdskrigen fann slaget ved Nordkapp stad den 26. desember 1943, om lag 60 nautiske mil nord av Nordkapp.

Kommunen stod for utbygging av veg til platået i 1956. Turistar kunne ta ferja frå Russenes til Honningsvåg og køyre dei siste 35 kilometrane.[2] Turistar frå cruiseskip gjekk i land i Hornvika.[2] Ilandstiginga flytta frå Hornvika til Skarsvåg i 1961.[2]

I dag er Nordkapp eit stort turistmål med eit eige turistsenter med utstillingar og film frå historia til staden. Platået blir årleg vitja av over 200 000 turistar.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. Svein Askheim. «Nordkapp». Store norske leksikon. Henta 1. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 John Gustavsen. «Nordkappsnø». Klassekampen. 2018-08-02. Siste side.