Ludwig Biermann
tysk fysikar og astronom
Ludwig Franz Benedict Biermann (13. mars 1907–12. januar 1986) var ein tysk astronom.
Ludwig Biermann | |||
Fødd | 13. mars 1907 Hamm | ||
---|---|---|---|
Død | 12. januar 1986 München | ||
Nasjonalitet | Tyskland | ||
Yrke | astronom, fysikar | ||
Institusjonar | Max Planck Institute for Astrophysics | ||
Alma mater | Ludwig-Maximilians-Universität München | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det bayerske vitskapsakademiet National Academy of Sciences |
Han var direktør for Institut für Astrophysik ved Max Planck Institut für Physik und Astrophysik i München og professor ved universitetet i München frå 1958 til 1975. Biermann gjorde viktige arbeid i teoretisk astrofysikk og plasmafysikk, særskild energitransport ved konveksjon, oppvarming av koronaen, plasmahalen til kometane og solvind.
Asteroiden 73640 Biermann er namnsett etter han.
Kjelder
endre- «Ludwig Franz Benedikt Biermann», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014