Denne artikkelen handlar om atmosfæren på sola. For andre tydingar, sjå korona (fleirtyding).

Korona (frå latin corona, 'krone') er det ytste laget av atmosfæren til sola. Han ligg langt frå sola, og strekker seg mykje lengre ut enn jordatmosfæren. Koronaen er som regel usynleg sett frå jorda, på grunn av det sterke lyset sola sender ut. Berre under solformørking, der sola blir skjult av månen, kan ein sjå koronaen som ein slags ring rundt månen.

Solformørking i Frankrike i 1999, der koronaen er ganske synleg.

Innanfor koronaen ligg den djupraude kromosfæren, og innanfor denne igjen ligg fotosfæren, laget som sender ut lyset ein kan sjå på jorda. Koronaen er mykje varmare enn fotosfæren, over ein million Kelvin.