Ludwig Runzheimer

Ludwig Runzheimer (28. juli 19126. juli 1946) var ein tysk statsborgar frå Gladenbach i Hessen og kriminalassistent i Gestapo som var verksam i Noreg under andre verdskrigen.

Ludwig Runzheimer
Fødd 28. juli 1912
Død

6. juli 1946 (33 år)

Runzheimer var utdanna som telegrafist i det tyske luftvåpenet. Han var medlem av NSDAP frå 1934. Han tenestegjorde i det tyske grensepolitiet frå november 1938 til krigsutbrotet i 1939. Då gjekk han inn i det hemmelege feltpolitiet, og tenestegjorde i Nederland, Belgia, Frankrike og Russland før han i september 1944 vart beordra til Bergen, der han arbeidde for Gestapo i avdeling IV E fram til den tyske kapitulasjonen. Han hadde ei sentral stilling på Espeland fangeleir dei siste månadene før kapitulasjonen.

Ludwig Runzheimer vart dømd til døden for krigsbrotsverk i Gulating lagmannsrett 13. april 1946. Dommen vart ikkje anka, og han vart avretta på Sverresborg festning i Bergen 6. juli 1946.

Sjå og endre