Luftperspektiv er ei form for fargeperspektiv som kjem av at valøren til ein farge blir lysare og meir blåleg desto lenger borte han er frå auget som ser.

Teknikken kan brukast for å lage ei djupn i eit bilete ved å la dei fjerne tingane vera lysare og meir blåvorne enn dei nære. Konstateringa av luftperspektiv var ei følgje av den veksande observasjonen av naturen under tidleg renessanse. Domenico Veneziano var blant dei første italienske målarane som utvikla denne forma for perspektiv; seinare dyrka særleg Leonardo da Vinci og Milanoskolen luftperspektivet.

Kjelder endre

«luftperspektiv» i Store norske leksikon, snl.no.