Leonardo da Vinci

Leonardo da Vinci (15. april 14522. mai 1519) er eit av dei mest kjente universalgenia i verda, og han markerte seg som mellom anna ingeniør, anatom, målar, bilethoggar, musikar, arkitekt, zoolog, filosof, astronom, og paleontolog.

Leonardo da Vinci

FøddLeonardo di ser Piero da Vinci
15. april 1452
Anchiano
Død2. mai 1519
Amboise
NasjonalitetDen florentinske republikk
OmrådeRenessansearkitektur, scenografi, ingeniørvitskap, fysiologi, målarkunst
Yrkekunstmålar, ingeniør, astronom, filosof, anatom, matematikar, bilethoggar, polyhistor, arkitekt, sivilingeniør, diplomat, oppfinnar, komponist, fysikar, fysiolog, botanikar, kjemikar, zoolog, karikaturteiknar, vitskapsperson, bygningstegner, designar, skribent
InstitusjonarLudovico Sforza
Cesare Borgia
Alma materUniversitetet i Firenze
Signatur

Han vart fødd utanfor ekteskap den 15. april 1452, i småbyen Vinci i Toscana nær Firenze i Italia, og skal alt som ung ha vist lovande talent. Far hans, advokaten Ser Piero da Vinci, såg at sonen var eit flogvit, og sendte han i ca. 1466 til Firenze for å studere som lærling under målaren og bilethoggaren Andrea del Verrocchio. Der utvikla han fort sin eigen målarstil, ein stil karakterisert av subtile fargar og diffuse skuggar.

Leonardo da Vinci reiste i ca. 1482 til Milano, der hertugen av Milano tok han inn som målar og ingeniør. Her fullførte han seks måleri, og vart òg konsultert om arkitektur og militære forhold. Det var i denne perioden at Leonardo da Vinci fekk interesse for geometri, og han fann etter kvart blant anna fleire metodar for å kvadrere ein sirkel. Han skreiv òg ei bok om den elementære teorien i mekanikk, og ho vart gjeve ut i ca. 1498.

Leonardo sitt mest berømte studium av den menneskelege anatomien

Etter overfallet frå franskmennene i 1499 flytta han tilbake til Firenze, og ikkje lenge etter, i perioden 15031506, måla han det som skulle bli eit av dei mest kjente måleria i verda, nemleg Mona Lisa.

Biografi endre

Tidleg liv (1452-1466) endre

Leonardo blei fødd i 1452 i den vesle toskanske fjellandsbyen Vinci, som «uekte» son av bondejenta Caterina og den florentinske notaren Piero da Vinci. Leonardo hadde ikkje noko etternamn i den moderne tydninga; da Vinci tydar ganske enkelt «frå Vinci». Det fulle namnet var «Leonardo di ser Piero da Vinci», som tydar «Leonardo, son av (Mes)ser Piero frå Vinci».

Lite er kjend om Leonardo da Vinci sitt fyrste år. Dei fem fyrste årene budde han i Anchiano i nærleiken av Vinci. Deretter budde han saman med far sin, faren si kone Albiera, besteforeldrene og ein onkel (Francesco) i landsbyen Vinci.

Andre berømte oppfinningar og formgjevingar endre

Berømte måleri endre

 
Mona Lisa
  • Mona Lisa
  • Nattverden
  • Madonna
  • Madonna i grotta
  • Jomfru med lam

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Leonardo da Vinci