Luis Suárez
Luis Alberto Suárez Díaz (fødd 24. januar 1987 i Salto) er ein uruguayansk fotballspelar som i 2018 spela som angrepsspelar for Barcelona i spansk La Liga, og på Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Nacional i 2006 og i Nederland med Ajax i 2011. I 2011 var han òg med på å vinna Copa América med Uruguay og vart kåra til beste spelar i turneringa.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Luis Alberto Suárez Díaz | ||
Fødd | 24. januar 1989 (35 år) | ||
Fødestad | Salto | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Ving, spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Barcelona | ||
Nummer | 9 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2003-05 | Nacional | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2005-06 2006-07 2007-11 2011-14 2014- |
Nacional Groningen Ajax Liverpool Barcelona |
29 (12) 29 (10) 110 (81) 110 (69) 122 (106) | |
Landslag | |||
2007- |
Uruguay OL-lag Uruguay |
3 (3) 95 (49) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mars 2018 ‡ Landslagsmål oppdatert 11. oktober 2017 |
Suárez vart kåra til årets spelar i Nederland i 2009/10-sesongen og vart òg toppskårar i den nederlandske toppdivisjonen same sesongen. I 2013/14-sesongen vart han kåra til årets spelar i Premier League og vart òg toppskårar. Han vart kåra til årets Ajax-spelar i 2008/09- og 2009/10-sesongen og i Liverpool i 2012/13- og 2013/14-sesongen. Han var Liverpool sin toppskårar i serien i alle dei tre sesongane han spelte der, frå 2011/12-sesongen av. I Barcelona vart han spansk seriemeister i 2015 og 2016, vann Meisterligaen i 2015 og VM for klubblag i 2015. Han er den som har skåra flest mål for Uruguay sitt landslag.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Luis Suárez – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.