Lunds universitet
svensk universitet
Lunds universitet (som opphavleg hadde namnet Regia Academia Carolina, Det konglege karolinske akademiet) er eit statleg universitet i Lund i Skåne i Sør-Sverige. Det vart skipa i 1666,[1] og er det nest eldste læresetet i Sverige etter Uppsala universitet i Uppsala, og eit av dei største universiteta i Norden. I mellomalderen var det òg ein institusjon for høgare utdanning i Lund før universitetet vart skipa.[2]
Universitetet har campus i Lund, Helsingborg og Malmö, og dessutan ein høgskule i Ljungbyhed for utdanning av trafikkflygarar. Universitetet samarbeidar med 600 universitet i meir enn 70 land, og tek del i dei internasjonale nettverka League of European Research Universities (LERU) og Universitas 21.
KjelderEndra
- ↑ «Universitetet i korthet», Lunds universitet (på svensk), 24. februar 2017, henta 7. februar 2019
- ↑ «Universitetets historia», Lunds universitet (på svensk), 29. november 2016, henta 7. februar 2019