Lungepest

Lungepest er ei form for pest, forårsaka av pestbakterien Yersina pestis.

Lungepest har ein letalitet nær 100 %, og finst i to former, primær og sekundær. Ved sekundær lungepest vert bakterien spreidd frå pasientens lymfeknutar til lungene via blodet. Ved primær lungepest vert bakterien spreidd frå menneske til menneske ved hoste og liknande. Det har vore spekulert på om lungepest kan ja vore årsaka til svartedauden, men mellom anna fordi lungepesten er mindre smittsam enn influensa, er det lite sannsynleg.[1]

ReferansarEndra

  1. Kåre Lunden i Det Norske Samlaget (2002): Norges landbrukshistorie ISBN 82-521-5584-7 (band II)
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.