Luntelåsen var den første mekanismen eller «låsen» som gjorde at ein kunne avfyre handhaldne skytevåpen. Denne utforminga gjorde at ein ikkje trong å avfyre våpenet med å føre ei fyrstikk ned i fengpanna på våpenet slik at ein kunne nytte begge hendene til å halde våpenet i eit fast grep når det gjekk av, og samtidig halde augene på målet.

Tidleg tysk muskett med serpentinlås

Luntelåsen bestod av ein kløfta hane som lunta vart festa i. Ved hjelp av ei fjør og ein avtrekkar vart hanen brakt mot fengpanna og tente fengkrutet. Eldsnøggleiken var opp mot 10 skot per time. Ei stor svakheit med luntelåsen var at lunta måtte vere tent heile vegen for at våpenet skulle gå av. Det kunne vere vanskeleg å få fyr i lunta og halde henne brennande i vått vêr. Om det var mørkt, kunne i tillegg lyset frå fyrstikka som tente lunta avsløre kvar skyttaren var, og det same kunne lukta av brennande lunte (dette vart nytta i filmen Dei sju samuraiane av Akira Kurosawa). I tillegg måtte skyttarane bere med seg store mengder krut som dei heldt i nærleiken av dei tente fyrstikkene.

Luntelåsen vart oppfunnen i Spania i byrjinga av 1400-talet.

Sjå òg endre

Kjelder endre