Miquelet
Miquelet eller Micalet (spansk Migueletes) var ein milits i Catalonia og Valencia i Spania. Namnet kjem frå Miquel eller Miquelot de Paris, ein katalansk leigesoldat og kaptein i teneste hos Cesare Borgia. Omgrepet vart nytta om usamanhengande grupper av katalanarar som tok til våpen i mange krigar, i tillegg til å drive bandittverksemd. Namnet vart ikkje nytta om ein spesifikk milits. Mellom anna vart det nytta under det katalanske opprøret i 1640 mot det spanske styret og under den spanske sjølvstendekrigen mot Napoelon og Frankrike.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Miquelet (militia)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.