Lyd brukar i luft ca 3 sekund på 1 km ,(Ved 20 °C er hastigheita 344m/sek). Ein gjenstand som har høgare hastigheit enn dette bryt lydmuren. Det vil seie at han fer ifrå sin eigen lyd. Lyden kjem då etter som eit smell/brak.

Bell X-1 var fyrste fly som braut lydmuren.
Eit F/A-18 Hornet fotografert i det det er i ferd med å bryte lydmuren.

Dei fleste jaktrifler og militære våpen t.d. AG3 brukar ammunisjon som bryt lydmuren. Når ein markerer på ei skytebane kan ein merka at lyden er like sterk når kula treffer skyteskiva som på standplass, det er då ikkje lyden av kula ein høyrer, men lydmuren som treffer skiva. Det er difor ikkje hjelp i ein lyddemparvåpen med ammunisjon som bryt lydmuren.

Det fyrste flyet som braut lydmuren var eit Bell X-1. Dette skjedde 14 Oktober 1947 og pilot var Chuck Yeager.

Når eit fly bryt lydmuren, kjem det eit kraftig brak, som kan verke skremande for folk og dyr som står på bakken. Overlydsflyging over landjorda er difor stort sett forbode.

Kondensasjonseffekten blir ofte misvisande brukt til å syne lydmuren. Men dette er eit anna fenomen, som ikkje har noko med lydmuren å gjera.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.