Våpen
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Våpn».
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå heraldiske våpen.
Våpen er innretningar som har som hovudbruksmåte å øydeleggja menneske, dyr eller fysiske mål. Våpen kan brukast til åtak, forsvar eller berre som trugsmål. Våpen er og blitt samleobjekt.
Ein kan dela våpen inn i grupper ut frå bruksområde eller type. To hovudgrupper er våpen hovudsakleg meinte for militære føremål og våpen meinte for jakt. Undergrupper av våpen etter type er blankvåpen, det vil seia ulike former for historiske våpentypar som sverd, øks og spyd, og moderne skytevåpen som rifle og maskingevær.