Lydolf Lind Meløy

norsk politikar

Lydolf Lind Meløy (19081999) var ein norsk lærar, fødd og oppvaksen i Vesterålen. Han var lærar i Kautokeino frå og med 1937, skoleinspektør i Karasjok og 1960-78 skoledirektør i Finnmark.[1]

Lind Meløy var medlem av Komitéen til å utrede samespørsmål frå 1956. Han var også som Venstremann ordførar i Karasjok i to periodar, 1956-59 og 1960-63. Spesielt ordførarvalet til den andre perioden, der motkandidaten var arbeiderpartimannen Hans Rønbeck var samtidig eit val over kva slags språkpolitikk Karasjok skulle gå inn for[2].

Referansar endre

  1. Presentasjon av Lind Meløy i Samisk skolehistorie, jf. Lydolf Lind Meløy: Folkeskolen i Finnmark før, under og etter den siste verdskrigen
  2. For ei tolking av valkampen i Karasjok i 1959 og kva konsekvensar det fekk, sjå Bjørklund 2011.

Litteratur endre

  • Bjørklund, Ivar 2011: Påskeresolusjonen i 1960 - Karasjoks etnopolitiske oppgjør. Heimen 3:195-206.