Lydtrykk

(Omdirigert frå Lydtrykknivå)

Lydtrykk er små variasjonar i lufttrykket skapt av lydbølgjer. Bølgjene skapar små fortettingar og fortynningar av lufta opptil mange gonger i sekundet, slik at lufttrykket vil veksle mellom litt over og litt under atmosfæretrykket. Det er desse trykkvariasjonane som set trommehinna i øyra i svingingar. Ved særs sterk lyd er lydtrykket 1/10 000 av atmosfæretrykket, og den svakaste høyrbare lyden er 1/10 000 000 000 av atmosfæretrykket. SI-eininga for lydtrykk er Pa.

Lydtrykknivå

endre

I staden for absolutt lydtrykk nyttar ein ofte lydtrykknivå, definert som

 ,

der   μPa, som er det minste lydtrykknivået ein gjennomsnittsperson oppfattar.

Døme på lydtrykknivå

endre

Tabellen gjev omtrentlege verdiar for forskjellige lydkjelder

Lydkjelde Lydtrykknivå (dB) Merknad
Tett på jetmotor 180
Jetmotor i einavstand på 50 m 150
Tett på kraftig handvåpen 140
Smerteterskel 130 smertefullt; høyrselskadar etter kort tids påverknad
Småfly 120
1 m frå trykkluftbor 100 høyrsleskadar etter lengre tids påverknad
Sterk trafikk, symjehall 80
Normal samtale 60
Bakgrunnsstøy i kontorlandskap 50
Kviskring 30
Bakgrunnstøy i lyddaudt rom 10
Høyreterskel 0

Bibliografi

endre
  • Howard, D.M. og Angus, J., Acoustics and psychoacoustics, 3. utg., Focal Presss, 1996.