Trommehinne

utspent hinne som skil mellomøyret frå det ytre øyret

Trommehinna (av latin membrana tympani) er ein tynn membran mellom det ytre øyret og mellomøyret, og er ein viktig del av høyrselen. Lydbølgjer i lufta kjem inn gjennom den ytre øyregangen og treffer trommehinna, og får ho til å vibrere. Desse vibrasjonane blir overført til knoklar i mellomøyret og ført vidare som mekanisk rørsle, for til slutt å gå over til nerveimpulsar.

Trommehinna på eit menneske. Den store, lyse, skråstilte strukturen i midten er hammarskaftet som skin gjennom frå mellomøyret.

Når ein ser inn på trommehinna med eit otoskop vil ho normalt sjå grå og glinsande ut. Hammarskaftet (manubrium mallei) er den skrå strukturen som ligg over baksida på trommehinna, og hammarskaftet festar i trommehinna i umbo som ligg heilt nedst på hammarskaftet. Når ein otoskoperer vil ein òg normalt kunne sjå lysrefleksen som skal vere i nedre, fremre kvadrant av trommehinna.

Hòl i trommehinna kan gje varierande grad av høyrselstap.