60°4′19.020″N 5°47′42.418″E / 60.07195000°N 5.79511611°E / 60.07195000; 5.79511611

Lygrespollen med Laukholmen i forgrunnen

Lygrespollen er ein fjordarm heilt søraust i Bjørnefjorden i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Pollen deler seg i tre delar, Sunnfjordvågen i sør, Lygresfjorden i nord og Austefjorden i nordaust. Til botn av Austefjorden er det 6 km frå innløpet til Lygrespollen.

Innløpet ligg i vest mellom Langaneset i sør og Sundvor i nord. Bukkholmane ligg midt i innløpet og over her går Fylkesveg 121. Nord i Lygresfjorden ligg Lygre, som fjorden og pollen er kalla opp etter.