Lysbilete

(Omdirigert frå Lysbilde)

Eit lysbilete eller ljosbilete er eit slags lite kort med eit bilete på som ein puttar ned i ein lysbileteframvisar. Biletet vert då forstørra, og kan då visast til alle i ei forsamling på same tid, til dømes på eit lerret. Når ein har teke ein film med bilete, kan ein få dei framkalla som lysbilete. Ein får då alle bileta på filmen på kvart sitt vesle «kort», ein kan setje dei i lysbileteframvisaren og bla gjennom dei. I dag viser mange digitale bilete som ligg på ei datamaskin med prosjektor i staden for å bruke lysbilete og lysbileteframvisar.

Eit lysbilete