Lerret (norrønt lérept, av lin og ryft) er eit vove tekstilmateriale i toskaftsbinding[1] der renning og innslag er like strame og av same fiber og tjukkleik. Stoffet er vove slik at overflaten har eit rutete preg, men elles er umønstra og høvesvis glatt. Trådane kan vera av natursstoff som lin, bomull eller silke og i dag også av kunstfiber. Stoffet er vanlegvis litt grovt.

To små blindrammer av tre med oppspent kvitt lerret som målegrunn for eit måleri.

Lerret har vore brukt til ei rekkje føremål i ulike utformingar. Den finaste bommullstrådtypen har blitt til dunlerret, som er blitt brukt til dyner, puter og vinterovertrekksplagg. Mange bunadsskjorter og blusar er i lerretsvove bomull. Seglduk er ein grovare lerretstype. Ein kan også bruka lerret til å måla på, og det er særleg kjend frå bruk til oljemåleri.

Projeksjonsduk endre

Lerret eller filmlerret kan også visa til ein oppspend, kvit, glatt duk av lerretstøy eller liknande materiale som ein kan projisera film eller lysbilde på. Slike lerret kan i dag bli laga av kunstmateriale som til dømes reflekterer lyset betre enne naturstoff.

Kjelder endre