Máret Ánne Sara

norsk samisk forfattar og kunstnar

Máret Ánne Sara (fødd 23. desember 1983) er ein norsk-samisk bildekunstnar og forfattar. Ho bur og arbeider i Kautokeino.

Máret Ánne Sara

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. desember 1983 (40 år)
Kautokeino kommune
Yrke biletkunstnar, skribent, kunstmålar, journalist
Máret Ánne Sara på Commons

Sara vart fødd i Kautokeino og voks opp i Finnmark i ein reindriftsfamilie med sommarbeite på Kvaløya. Ho har utdanna seg i kunst på Arts University i Bournemouth i England.[1] Sara vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2014.[2] Verket hennar Pile o’Sápmi er innkjøpt av Nasjonalmuseet.[3] I 2022 vart det installert i vestibylen til det nyopna Nasjonalmuseet i Oslo.[4]

Bibliografi endre

  • Ilmmiid gaskkas – fantasyroman for ungdom, DAT 2013
    • Mellom verdener – DAT 2014
  • Doaresbealde doali – fantasyroman for ungdom, DAT 2014
    • Utenfor sporet – DAT 2019
  • Samer i Russland = Sámit Ruossas : 1971-2017 – sakprosa, Cálliidlágádus 2017

Kjelder endre

  1. «www.nordlys.no». Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 8. august 2015. 
  2. «Föreningen Nordens webbplats». Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 8. august 2015. 
  3. Dag Eivind U. Larsen: Kunsten å konfrontere - Portrettintervju i Klassekampen 5. februar 2022
  4. «Pile o`Sapmi (audio description)». Nasjonalmuseet (på engelsk). Henta 12. juni 2022. 

Bakgrunnsstoff endre