Kvaløya

øy i Tromsø i Troms
Denne artikkelen handlar om Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kvaløya (fleirtyding).

Kvaløya (samisk: Sállir) er den femte største øya i Noreg med eit areal på 737 km². Heile øya ligg i Tromsø kommune. Det er vegsamband til Tromsøya over Sandnessundbrua. I nord er Kvaløya knytt til Ringvassøya med Kvalsundtunnelen, og det er ferjesamband til Vikran frå Larseng og ei sommarrute mellom Sommarøy og Senja.

Kvaløya
Lokalt namn Sállir
Kvaløya sett frå Tromsøya - Sandnessundbrua går mellom dei to øyane. Mars 2006.
Kvaløya sett frå Tromsøya - Sandnessundbrua går mellom dei to øyane. Mars 2006.
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°37′N 18°33′E / 69.617°N 18.550°E / 69.617; 18.550

Areal 737 km²

Høgaste punkt Store Blåmannen (1044 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms
Største busetnad Kvaløysletta (9000 innb.)

Demografi
Folketal Om lag 10 000

Stadane det bur mest folk er Kvaløysletta, Ersfjordbotn, Sommarøy og Slåttenes, men det er spreidd busetnad langs det meste av kysten på øya. Til saman bur det om lag 10 000 personar på Kvaløya.

Geografisk er Kvaløya nesten delt i tre av fjordane Ersfjorden og Kaldfjorden. Store delar av øya er fjellandskap, og det høgaste punktet er Store Blåmann på 1044 moh.

Utsyn frå Fløya i Tromsø. Kvaløya dannar det meste av bakrunnen.


Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre