Märklin

Gebr. Märklin & Cie. GmbH eller berre Märklin er eit tysk leiketøysføretak som vart oppretta i 1859. Opphavleg produserte føretaket tilbehøyr til dokkehus, men seinare vart det best kjend som produsent av modelljarnbaner.

Eit modelljarnbanesystem frå Märklin.

Märklin melde konkurs den 4. februar 2009, same året som føretaket vart 150 år. [1] Føretaket blei drive vidare av ein konkursforvaltar som i juli 2010 melde at føretaket igjen gjekk med overskot.[2][3] I 2013 blei Märklin kjøpt opp av Simba Dickie Group.[4]

Tre ulike modelljarnbanesystem vert selde under Märklin-varemerket: 1:32 skala, som også vert kalla Spor 1, 1:87 skala som høyrer til den mest populære modelljarnbaneskalaen H0 og 1:220, eller Z-skala, som er det minste kommersielt produserte modelljarnbanesystemet. Z-skala nyttar seg av likestraum i likskap med alle andre modelljarnbanesystem. Märklin H0 og 1 nyttar vekselstraum, og i H0 vert det nytta ein straumførande leier mellom dei to spora.

I ein periode vart Märklin Z-skala seld under varemerket Mini-club, men denne benevninga fall vekk etter 2005.

Bokstaven Z vart valt til lanseringa i 1972 som den siste i alfabetet, for å markere at dette var det desidert minste modelljarnbanesystemet.

ReferansarEndra