Bokstaven Z (z) [uttale: «sett»] er den 26. bokstaven i det latinske alfabetet. Han stamma over etruskisk frå gresk, der han hadde forma I og seinare Ζ, ζ. Han er den sjette bokstaven i det greske alfabetet med namnet zeta. Uttalen vert gjengitt med sd eller ds, men har vore éin lyd, ein stemt s-lyd. Bokstaven går attende til fønikisk skrift og heiter på hebraisk zayin, som tyder «våpen». I latinsk rettskriving vart bokstaven teken i bruk under Augustus i lånord frå gresk. Han hadde først av plass etter F i bokstavrekka.

Z


Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
Fonetisk bruk[z]
[ʒ]
[t͡s]
[d͡z]
[ð]
[θ]
[s]
[ʃ]
/zɛd/
/z/
UnicodeU+005A, U+007A
Plass i alfabetet
Talverdi: 26
Historie
Utvikling
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar • Ʒ
 • Ç
 • Ƶ
 • Ž
 • Ż
 • 𐌶
 •
 •
SlektningarЗ
Ѕ
Ԑ
Ԇ
Ҙ

Ӡ
ז‬
ز
ܙ

ژ‬


𐎇
Զ զ





ज़
Anna
Vanleg tilknytte bokstavarcz, , dz, sz, dzs, tzsch
Tilknytte tal26
SkriveretningVenstre til høgre
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

I runealfabetet er z den sjuande runen i andre ætt.

Z vert i norsk berre nytta i lånord og vert uttalt som s (tidlegare til dels også som ts, til dømes zar, ein eldre skrivemåte for tsar). På engelsk og fransk, i slaviske språk, i ungarsk og i dei fleste fonetiske alfabet har z lydverdien stemt s. På tysk vert han uttalt som ts, utanom i den eldre sambindinga sz = ss. På italiensk vert han uttalt som ts eller dz, på spansk som ustemt lespelyd [þ], men i Latin-Amerika vanlegvis som s. I kinesisk (pinyin) vert z uttalt som dz.

Somme samiske språk og dei europeiske språka estisk, latvisk, litauisk, tsjekkisk, slovakisk og slovensk har òg varianten Ž (Z háček).

Versalen Z kan stå for: endre

  • hovudrolla i animasjonsfilmen Antz
  • prefikset zetta- (=1021) i SI-systemet
  • Z er i fysikk og kjemi symbol for atomnummeret til eit atom.
  • vanleg symbol for impedans.
  • nemning for mengda av heile tal for (positive og negative). Symbolet kjem av tysk Zahlen, som tyder «tal».

Minuskelen z kan stå for: endre

  • prefikset zepto- (=10-21) i SI-systemet
  • ein vanleg bokstav nytta i matematikk for ein tredje ukjend storleik eller ein tredje koordinat når dei to første er x og y.
  • vert ofte nytta som symbol for komplekse tal: z = x + iy, der x og y er reelle tal og i = Ö-1.
  • z, i fysikk og kjemi vanleg symbol for ioneladningstal, det vil sei talet på frie elementærladningar i eit ion.
  • i matematikken ofte teikn for den tredje ukjent storleiken i ei likning når dei første er blitt skrivne som x og y. Òg ofte nytta om den tredje koordinaten i eit koordinatsystem.

Kjelder endre

«Z – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.