Mål og Makt

norsk språkmagasin

Mål og Makt er eit tidsskrift gjeve ut av Studentmållaget i Oslo, med støtte frå Velferdstingets Kulturstyre. Mål og Makt vart gjeve ut fyrste gong i 1934, men sovna raskt att. Etter 1934 gav Studentmållaget ut fleire aviser og blad, men noko nytt tidsskrift etter same lesten vart det ikkje før på 70-talet. I 1971 vart tidsskriftet skipa under namnet Sentrum og Periferi, og det bytte namn til Mål og Makt alt året etter. Fram til 1998 var bladet fyrst og fremst eit målteoretisk tidsskrift, men etter den redaksjonelle endringa det året liknar bladet no meir på 30-talsbladet med same namn. Bladet kjem med tre til fire nummer i året, og har eit opplag på om lag 500.[1]

Mål og Makt
TypeTidsskrift
(Tre nummer årleg)
Første trykk1971
MålformNynorsk
EigarskapStudentmållaget i Oslo
Opplag460 (2016)
RedaksjonskontorPb 285 Sentrum
Postnummer0103
StadOslo
Ansvarleg redaktørMarta Valentinsen  (2016–)
ISSNISSN 0332-7744
LaussalprisBerre årstinging
NettstadMalogmakt.no

Sidan det er Studentmållaget som gir ut Mål og Makt er dei fleste i skriftstyret knytt til målrørsla. Tidsskriftet tek imot alle tekstar så lenge dei er skrivne på nynorsk. Såleis dukkar det opp mange ulike tema og saker. Språkpolitikk, språkhistorie og sosiolingvistikk er gjentakande tema. Somme utgåver har temanummer, som til dømes Latin-Amerika eller feminisme.[1][2] I dei siste åra har Mål og Makt gitt to skribentar fast plass i tidsskriftet. Assad Nasir, debattant og lektor, skriv dikt på bakerste side. Den andre faste skribenten går under dekknamnet Lullen Fanitullen. Mål og Makt skildrar henne som «ei forunderleg kvinne som ingen forlèt utan å fått merke av henne». Ho skriv vanlegvis openhjarta om sine romantiske uhell.[3][4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Mål og Makt nr. 165, 2016
  2. Mål og Makt nr. 152, 2012
  3. Mål og Makt nr. 159, 2014
  4. Mål og Makt nr. 164, 2016

Bakgrunnsstoff endre