Måleri av Halsnøy kloster
måleri av Elias Figenschou
«Halsnöy kloster nära Bergen, Norge» i oljemåling på lerret er eit landskapsmåleri av Elias Fiigenschoug måla i 1656.[1] Måleriet heng på Skoklosters slott i Sverige og er eigd av Statens historiska museer (SHM) i Sverige.[2]
Måleriet er det første kjente landskapsmåleriet frå Noreg. Målaren Elias Fiigenschoug var barokkmålar. Han budde i Bergen og var truleg frå Danmark.[1]
Måleriet viser klosterbygningane på Halsnøy kloster og i framkant to bønder med spader saman med to kvinner.[2]
Det er også ei innskrift på måleriet:[2]
HALSNÖE KLOSTER A : OSTEN : B : W. OTTE : KRAEG : HANS : BUGNING C : KIRSKEN : TO : HAVEN : LANG : D : BORREST VEN : E : POORTEN : F : SKOGLEN : G. FAEHUSET : H. LADEN I : NÖSTED : K : SÖBOD : L. BRYGEN -- 1656 E.F
Sjølve måleriet er 1600 mm breitt og 1300 mm høgt.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Haverkamp, Frode Ernst (8. mars 2023). «Elias Fiigenschoug». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Halsnöy kloster nära Bergen, Norge. Oljemålning på duk.», samlingar.shm.se (på svensk), henta 19. juni 2023