Måna i Rauma
elv i Møre og Romsdal
- For elva i Tinn kommune, sjå Måna.
Måna er ei elv som renn gjennom Måndalen i Rauma kommune. Ho startar i Månvatnet, men fleire sideelvar knyter seg til vassdraget før elva renn ut i Vollabukta. Måna har vore ei god lakseelv, men har som mange andre elvar i distriktet vore plaga med gyrodactylus salaris. Fiske har derfor i dei seinare åra gått tilbake. Samtidig har innslaget av oppdrettsfisk auka.
Måna i Rauma | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Måna i Rauma 62°32′18″N 7°26′19″E / 62.5384°N 7.4387°E | |||
Wikimedia Commons: Måna (Rauma) |
Den viktigaste sideelva er Vemora som renn gjennom sidedalen Volladalen. Det kan gå laks i den nedre delen av Vemora.
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.