Laks
Laks |
Laks i Atlanterhavsparken |
Vitskapleg namn |
Salmo salar |
Andre namn: atlanterhavslaks, nordsamisk luossa, engelsk salmon |
Utbreiing |
Global raudliste: ![]() |
Systematikk |
Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.
Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.
På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengde inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er Venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil.[1][2][3] Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.
Det vert drive sportsfiske etter laks.
Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.
Sjå ògEndra
- Oppdrettslaks
- Fiskeoppdrett
- Lakselus
- Lakseparasitten Gyrodactylus salaris
BakgrunnsstoffEndra
Slå opp laks i Wiktionary, den frie ordboka. |